Opus Nettsiden

Melding om oppstart av planarbeid, Nærøyfjorden næringskai, Aurland Kommune

I medhald av Plan- og bygningsloven §§ 12-1, 12-8, 12-9, samt Forskrift om konsekvens-utredninger, §§ 6, 8 og 10, vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid med konsekvensutgreiing, samt høyring av forslag til planprogram, for gnr. 64, bnr. 24, mfl., Nærøyfjorden næringskai, Aurland kommune.

 

Med privat reguleringsplan skal ein forstå:
Privat reguleringsplan etter Plan- og bygningsloven, kapittel 12, er ein prosess kor ein privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggjar) mfl., tek initiativ til, og deretter utarbeidar, planframlegg. Framlegg til plan vert sendt til kommunen, som deretter tek over ansvaret for sakshandsaminga med innhenting av merknader til planframlegget, og ev. krev endringar i planen før han blir lagt fram for vedtak i kommunestyret.

 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Gudvangen Stein AS, som også er ein av grunneigarane. Opus er utførande konsulent for planlegginga.

 

Planområdet
Planområdet ligg i og kring Gudvangen sentrum og utgjer om lag 1345 daa ved oppstart av plan-prosess. Plangrensa er vist i kartvedlegg. Planområdet omfattar delar av E16 og fv. 5623, Gudvangen sentrum, arealet ved bensinstasjon, butikk og vikinglandsby, og vidare ut mot Ramsøy og Sjøskredviki på austsida av Nærøyfjorden, samt indre del av fjorden. Grensa i sør er lagt noko sør for E16, strekk seg inn til campingplassen i vest, og går nordover nær grensa til Nærøyfjorden landskapsvernområde, til like nord for dagens næringskai, på vestsida av fjorden. Her er ein mindre del av landskapsvernområdet teken inn i planområdet. På austsida av Nærøyfjorden femnar planområdet Ramsøy og Sjøskredviki, og ut i landskapsvernområdet.

Plangrensa er sett for å femne fleire moglege lokaliserings- og traséval som skal utgreiast. Gjennom planprosessen skal ein definere kva alternativ/lokalisering som leggjast til grunn for sjølve planframlegget. Storleiken på planområdet vil dermed bli redusert før 1. gongs handsaming, i tråd med føreslått plangrep i planframlegget. Redusert planområde skal gje plass til det areal som er naudsynt for å regulere formåla (ny) kai med lager og tilkomst.

Det skal regulerast i to plan: på og under bakkenivå. Planområda er identiske ved oppstart, men dette kan endrast undervegs. Det er i hovudsak tiltak under bakken, som tunnel og fjellhall, som kan kome til å bli plassert innafor landskapsvernområdet. Nokre av alternativa som skal utgreiast, legg ny næringskai nord av dagens kai, på vestsida av Nærøyfjorden, og råkar yttergrensa av landskapsvernområdet.

Det bur om lag 90 personar i Gudvangen, men staden tek vanlegvis imot tusenvis av turistar i sommarhalvåret. Fylkesvegen og dagens næringskai vert i dag nytta til transport og utskiping av bergarten anortositt frå gruva ved Holmen, 8,5 km køyreveg vest for kaia. Anortositten vert mellomlagra ved kaia, i påvente av skip som kjem inn fjorden og fraktar råvara ut til Europa. Næringskaia, slik ho er i dag, ligg i aktsemdsoner for ras, skred og flaum.

 

Planstatus
Kommuneplanen er under revisjon. I gjeldande arealplan (KPA) 2008-20, er ytre sone, aust og vest i planområdet, LNF-område. Gudvangen sentrum er sett av til regulering, i likskap med arealet ved Sjøskredviki. Områda nord for dagens næringskai, sjølve Nærøyfjorden og arealet aust for Ramsøy og Sjøskredviki er bandlagt etter lov om naturvern. Eit mindre areal i sørvest, campingplassen, er unnateke frå rettsverknad, dvs. at detaljregulering gjeld føre KPA.

Reguleringsplan for Gudvangen sentrum (planID 2013001), vedteke i 2013, ligg innanfor planområdet, og regulerer store delar av dette, til m.a. kombinert bustad og forretning, fritids/ turistformål, hotell, overnatting og bevertning, kai, køyreveg, parkering, LNF, og ferdsel på fjorden, mm. Reguleringsplan for Gudvangen camping (planID 2008004) frå 2008, ligg dels innafor sørvestgrensa av foreslått planområde, og regulerer til campingplass, herberge og bevertning, jord- og skogbruk, mm.

I nord, sør, aust og vest er store område bandlagt etter lov om naturvern, då dei inngår i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Dette landskapsvernområdet, med mål om å take vare på vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell, omkransar Gudvangen sentrum og E16. Medan enkelte område, som Gudvangen sentrum og kai, fv. 5623 og E16, er unnateke frå verneområdet, inngår heile planområdet i UNESCO verdsarvområdet «Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden», med eigen forvaltningsplan. Verdsarvstatusen gjev sterke føringar knytt til arealbruk, forvaltning og busetting.

Vidare er Nærøydalselvi, som renn ut i planområdet, eit verna vassdrag på bakgrunn av sin urørtheit, kystnære lokalisering, som del av eit kontrastfylt fjordlandskap av internasjonal verdi, mm. Nærøydalselvi har også status som nasjonalt laksevassdrag. Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion (2016-2021), er under revisjon, men gjeld enno. Nærøydalselvi er teke inn, med mellom anna mål om å styrke fiskebestanden. I tillegg har Nærøyfjorden (del av Sognefjorden) status som nasjonal laksefjord.

 

Føremål med planframlegget
Føremålet med planen er å leggje til rette for ny og sikrare næringskai i Nærøyfjorden, og tilkomst til denne. Tilkomst kan innebere ny veg og industritunnel, med tilhøyrande kryssløysingar. Vidare ser ein på løysingar med ev. fjellhallar for mellomlagring av anortositt og innsegling i fjell. Ny kai bør vere meir skjerma og betre klimatilpassa, m.a. mindre utsett for ras, enn dagens kai. Tiltaket kan redusere kontaktflata mellom næringsbasert tungtransport på veg og fjord, mot andre trafikkantar, fastbuande og besøkande. Ny kai skal bidra til auka tryggleik for dei som har arbeidsplassen sin på kaia og betre trafikktryggleiken i Gudvangen generelt. Planen mogleggjer ein større grad av skjerming av støvande og støyande verksemd og transport overfor fastbuande og besøkande.

Gjennom planprosess skal tre ulike utbyggingsalternativ/ traséar  vurderast (sjå også plan-program). Desse er:

  1. Framleis transport langs fv. 5623, med ny kai like nord for dagens næringskai
  2. Industritunnel (ikkje-offentleg ferdsle) i fjellet vest for fv. 5623, fjellhall for mellom-lagring av anortositt nær utgangen av tunnel, og ny kai like nord for dagens næringskai
  3. Industritunnel under Ramsøy, mot Sjøskredviki, med fjellhall(ar) for mellomlagring av anortositt, samt fjellhall med innseglingskai ved Sjøskredviki. Arealet nytta til næringskai i dag fristillast til andre føremål.

I tillegg må utgreiingar i kaiplanen vurdere moglege konsekvensar dersom plan i prosess, Holmen gruve og deponi (planID 2020001), skulle bli vedteken, og delar av returtransport-kapasiteten (skip/ lastebil) skulle bli utnytta til inntransport av masser til deponi i gruva.

 

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføringa av tiltak.

 

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn:
Tiltaka planframlegget skal leggje til rette for, er vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), jf. Forskrift om konsekvensutredninger, §§ 6, 8 og 10. Planen er omfatta av kriteria i § 6 b), jf. Vedlegg 1, punkt 8 b) «Nyetablering av farleder, havner og havneanlegg, der skip på over 1 350 tonn kan seile og anløpe». Planen vurderast å falle inn under kriteria i § 8, første ledd, bokstav a), då han omfattar tiltak nemnt i vedlegg II, og vurderast til å kunne ha vesentlege verknadar for miljø eller samfunn, etter § 10. Tiltaket fell inn under vedlegg II, punkt 10 Infrastruktur prosjekter, underpunkt e) i-ii-iii, om vegar og hamneanlegg; samt ev. k) om kystanlegg som kan medføre endring av kysten.

Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram som fastset kva som skal greiast ut. Planprogrammet vert lagt på offentleg høyring i samband med dette varsel om oppstart av planarbeid, og vert handsama av Aurland kommune i ettertid.

Framlegg til planprogram er sendt til offentlege høyringsinstansar. Det kan lastast ned frå nettsida www.opus.no, eller kommunen si side www.aurland.kommune.no, saman med andre varseldokument. Grunneigarar og andre saka gjeld, kan også få tilsendt framlegg til planprogram ved å kontakte Opus.

 

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon om plansaka, ta kontakt med Opus på e-post/telefon. Innspel til oppstartmelding eller planprogram, innan fristen, er første høve til formell medverknad til plan-prosessen. Forslagsstillar ønskjer å leggje til rette for brei medverknad. På grunn av situasjonen med covid, er det førebels ikkje fastsett folkemøte. Ved interesse, ser ein føre seg å legge til rette for digital møtearena. Det opnast òg for utandørs synfaring på smittevernforsvarleg vis. Eventuell interesse for synfaring kan meldast på e-post/telefon til Opus.

 

Innspel til oppstartsmeldinga:
Innspill som har virkning eller interesse for planarbeidet kan sendes til Opus per brev, e-post, eller elektronisk, via vår nettside.

OPUS Bergen AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen

tlf.: 55 21 41 50
e-post: post@opus.no
www.opus.no via fanen «prosjekter» og kategori «planvarsel»

Vi ber om at innspel refererast til prosjektnummer P20028.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette gjer Opus. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert send kommunen, saman med planframlegget.

Frist for innspel er sett til 22. mars 2021

 

Vidare saksgang:
Etter at fristen er ute, vil sjølve planframlegget verte utarbeidd og sendt til Aurland kommune for handsaming. Etter første  gongs sakshandsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

 

Vedlegg:
Varselbrev m kart_4.2.21
Referat frå oppstartsmøte – detaljregulering for Nærøyfjorden næringskai
1. Planprogram NN

 

Med venleg helsing
Johannes Sverdrup
Opus

  • Har du kommentarer til planvarsel, send en melding til oss her.