Opus Nettsiden

MELDING OM OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSPLAN
I medhald av Plan- og bygningslova (pbl.)  §§ 12-1,12-2, 12-8 og 12-9 vert det varsla igangsetting av reguleringsarbeid for gnr 277 bnr 79 m.fl., Mørkveslia detaljregulering del 2, Voss herad.

Reguleringsplan
Reguleringsplanen vert utarbeida som ei detaljregulering, i samsvar med gjeldande områderegulering (planID 1235_2016012).
Ein privat reguleringsplan er definert i pbl. kapittel 12, der privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggjar) m.fl. tar initiativ til, og deretter utarbeider planforslag.

Forslagsstillar
Myrkdalen Fjellandsby AS er forslagsstillar. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planen skal detaljere delar av områdereguleringa for Mørkveslia (PlanID 1235_2016012). I aust er plangrensa utvida utanfor byggeføremåla i områdereguleringa for å ta med aktsemdområde for skred langs Husagrovi og framtidig tilkomst til Hyrtamyrane. Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor, og utgjer omlag 170 daa. Tilkomst er frå Riksveg 13. Planområdet grensar til naturområde og alpinområde. I vest ligg bygdesenterområde, eit kombinert utbyggingsområde for sentrumsfunksjonar/ fritidsbustader og alpinanlegg.

Plangrensa vist over utsnitt av områdereguleringa

Planstatus
Reguleringsplanen er i samsvar med føremål i kommuneplan og gjeldande områderegulering.
I kommunedelplan for Myrkdalen er hovuddelen av planområdet vist som byggeområde for fritidsbusetnad, og mindre delar som friområde. I områderegulering er hovuddelen av planområdet regulert til fritidsbusetnad- frittliggjande og blokk.
Området fell innunder angitt omsynssone for ras og skred, som skal utgreiast nærare i detaljplanen. I samband med utarbeiding av kommunedelplanen vart det gjennomført konsekvensutgreiing. Då planområdet er konsekvensutgreidd på overordna nivå er det ikkje naudsynt med ny konsekvensutgreiing i denne planprosessen. Det er likevel trong for nærare utgreiing av einskilde tema i områdeplanen som skred-  og flaumfare.

Føremålet med reguleringsplanen
Føremålet med planen er å realisera utbygging i felt BFB05, BFB06 og BFB07-BFB10, BFF18-BFF21l, del av BFF22 og BFF23, BFF24, G1 og G2, del av GT1 og del av LAA i områdereguleringa. Planen vil innehalde omlag 80 frittliggjande fritidsbustader og inntil omlag 90 fritidsleilegheiter.
Utbyggingsvolum og byggehøgder skal følgje prinsippa i Mørkveslia kvalitetsprogram (28.06.2018 områderegulering). Typologi og struktur vert utgreidd i planprosessen. Alle einingane skal ha tilkomst frå veg SV i områderegulering. Vidare skal det leggast til rette for infrastruktur som mellom anna veg, VA, ski inn / ski ut og grønstruktur.

Verknad av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføring av tiltak.

Informasjon og medverknad
Varselbrev og varselkart vert sendt til partar det vedkjem, og er tilgjengeleg for nedlasting via Altinn og på Opus si nettside, www.opus.no. Her vil og referat frå oppstartsmøte og planinitiativ ligge tilgjengeleg. For nærare informasjon kan Opus kontaktast på telefon eller e-post, sjå kontaktinformasjon under.

Oppstartsvarsel er og tilgjengeleg på Voss herad si heimeside under kunngjeringar.

Innspel til oppstartsvarselet
Innspel til planarbeidet kan sendast til Opus via Altinn, opus.no, e-post eller per brev:

 

OPUS Bergen AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen
tlf. 55 21 41 50
e-post: post@opus.no

Nettside: www.opus.no

 

Vi ber om at det i innspelet/merknaden vert referert til prosjektnummer P22001 Myrkdalen Mørkveslia del 2.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Voss Herad – dette gjer Opus. Alle mottatte dokument, merknader og liknande vert sendt til kommunen saman med planforslaget. Ver merksam på at kvart enkelt innspel ikkje vert svart ut direkte til merknadshavar, men vert vurdert, kommentert og handtert i sjølve plansaka gjennom planprosessen.

Frist for merknader er sett til 09.06.2022

Videre saksgang:

Neste steg i planprosessen er å ferdigstilla forslag til reguleringsplan. Etter fyrstegongs handsaming i kommunen vert komplett planforslag lagt ut til offentleg ettersyn. Då vert det høve til å komme med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

Med venleg helsing
OPUS Bergen AS
Taral Jensen

 

Vedlegg:

Varselbrev Myrkdalen Mørkveslia del 2
Varselkart 120522
Referat frå oppstartsmøte
Planinitiativ Mørkveslia del 2

 

 

 

 

 

  • Har du kommentarer til planvarsel, send en melding til oss her.